Prinsesse Ragnhild, fru Lorentzen
Prinsesse Ragnhild, fru Lorentzen | |||
| |||
Fødd | Prinsesse Ragnhild Alexandra av Norge 9. juni 1930 Oslo i Noreg | ||
---|---|---|---|
Død | 16. september 2012 (82 år) Rio de Janeiro | ||
Tittel | Prinsesse av Noreg | ||
Alle titlar | 1930–1953 Prinsesse Ragnhild av Noreg 1953–2012 Prinsesse Ragnhild, fru Lorentzen | ||
Fullt namn | Ragnhild Alexandra Lorentzen | ||
Hus eller slekt | Huset Glücksburg (Norge), Lorentzen | ||
Gravstad | Asker kyrkje | ||
Land | Noreg | ||
Mor | Märtha | ||
Far | Olav V | ||
Ektefelle | Erling Lorentzen | ||
Barn | Haakon Lorentzen, Ingeborg Lorentzen, Ragnhild Lorentzen |
Prinsesse Ragnhild, fru Lorentzen (9. juni 1930–16. september 2012)[1] var ei norsk prinsesse og det eldste barnet til kong Olav V av Noreg og kronprinsesse Märtha av Noreg.
Prinsesse Ragnhild Alexandra vart fødd på Slottet i Oslo, som den første norskfødde prinsessa sidan mellomalderen. Ho var syster til prinsesse Astrid, fru Ferner og kong Harald V av Noreg.
I 1953 gifta ho seg med Erling Sven Lorentzen, som tidlegare hadde vore livvakta hennar, i Asker kyrkje. Ho var den første av dei kongelege som gifta seg borgarleg, altså ikkje adeleg, og hendinga skapte mykje oppstyr. Paret busette seg sidan i Brasil og fekk tre born: Haakon Lorentzen, Ingeborg Lorentzen og Ragnhild Lorentzen.
Prinsesse Ragnhild hadde i fylgje den norske grunnlova ikkje arverett til den norske trona. Ho hadde derimot arverett til den britiske trona, ettersom ho stamma direkte frå Sophia av Hannover.
Trass i den lange avstanden, var det tette band mellom Ragnhild og far hennar, kong Olav V av Noreg. I mange år sende dei brev til kvarandre kvar sundag, men ho brende alle breva etter at kong Olav døydde i 1991. Grunnen var at ho ikkje ville at breva skulle verta offentlege. Ein del faghistorikarar var usamde i denne avgjerda, av di dei meinte breva var historisk viktige.
I 2004 var prinsesse Ragnhild med i eit fjernsynsprogram, der ho kritiserte både kronprins Haakon av Noreg og prinsesse Märtha Louise av Noreg sitt val av ektefelle.[2]
Mellom utmerkingane prinsesse Ragnhild hadde var storkrossen av St. Olavs Orden.
Titlar
[endre | endre wikiteksten]- Prinsesse Ragnhild av Noreg (1930-1953)
- Prinsesse Ragnhild, fru Lorentzen (1953-2012)
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ ««Prinsesse Ragnhild er død»». Nettstaden til Det norske kongehuset. 16. september 2012.
- ↑ NRK.no, 16.09.12: - Prinsesse Ragnhild var nok glad for å slippe rampelyset